torsdag 11. juni 2009

Pust ut...

Siste ekamen er levert. Eg har siste kveldsvakt i morgon. Ferien står for døra. Eg har mykje eg vil gjera. Lese bøker som ikkje er pensum mellom anna.

Her er nokre bøker eg har planar om å lese så snart som råd:
- Luftslottet som sprengtes av Stieg Larsson (ja, eg er hekta...)
- Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda
- Ned til hundene av Helle Helle

Elles har Øyvind gått stad og kjøpt oss kvar vår splitter nye sykkel, så eg ser fram mot ein sprek sommar. Lurer på kor lang tid eg brukar frå Fyllingsdalen over Melkeplassen til sentrum på sykkel. Går det på ein halvtime?

Men i kveld har eg tenkt å vere lat. Eg har planar om å synke ned i vår vakre, raude sofa og sjå ein god film. Ja, det er planen for i kveld. Eg gler meg.

mandag 8. juni 2009

Inspirert av I

Ei og same jord befolka av myriader av sjelelige univers...

tirsdag 26. mai 2009

Biblioteket<3

Kom brått på at eg hadde ein nestan ubrukt blogg liggande å slengje. Det er jo ikkje noko vits i å ha ein blogg dersom ein ikkje nyttar den, så no tenkte eg at eg skulle blogge litt.

Eg likar å jobbe på biblioteket. Det er ein passe rolig jobb, som krever akkurat passe av meg. Eg sit stort sett i skranken, lånar ut bøker, returnerer bøker, fakturaregistrerer artiklar og les nettaviser. No og då hjelper eg forvirra bibliotekbesøkjarar å finne fram i vårt logiske hyllesystem, og det hender eg viser folk korleis dei skal søkje etter bøker i Bibsys eller finne fram til (u)tilgjengelege artiklar i diverse databasar. Det er fint å kunne vere til hjelp. Ikkje store utfordringar, men ein svært triveleg jobb. Nestan synd å slutte. Men det skal eg altså. Min siste arbeidsdag er 12. juni. Ikkje så altfor lenge til med andre ord.

tirsdag 17. mars 2009

Hurt

I Johnny Cash sin coverversjon av sangen "Hurt", skrive av Nine Inch Nails vokalist Trent Reznor, er eitt lite ord bytta ut. I originalversjonen lyder ei strofe: "I wear this crown of shit", medan Cash syng: "I wear this crown of thorns", som ei direkte referanse til Kristi lidelse på korset. Både Reznor og Cash hadde erfart nakotika- og alkoholmisbruk, og sangen skildrar rusmisbruk og smerten og lidelsen det fører med seg. Cash kom seg ut av misbruket, mellom anna ved hjelp av trua på Gud. Det finnes håp.

Sjå musikkvideoen her

lørdag 28. februar 2009

Leiligheten:)

Hurra!

Vi fekk nøklane til vår fabelaktige leilighet i går, og i dag var vi på Coop Obs Bygg og handla maling og diverse stæsj.
Så bar det avgarde til Elkjøp, der vi forhandla oss fram til ein særs god pris på oppvaskmaskin (endelig slepp eg knurvete fingrar!!) og kombiskap, som blir levert på døra førskommande onsdag. Eg synes litt synd på dei som skal bære det opp trappa, men eg glad det ikkje er meg...



Øyvind og eg er resarar på oppussing. Vi starta allereie i dag, då vi kom attende frå vår lille shoppingtur.


Under er eit bilete av stova. Trykkluftkompressoren drog vi opp i går kveld. Den skal brukast til å skyte spikar inn i vegge. Skumle saker. Øyvind har det meste som trengs...



I dag vart vi ferdig med eitt lite rom. Vaskerommet har fått ein ny glød. Her ser vi Øyvind i full sving med rulla:
Men vi har mykje meir arbeid framfor oss. Tak skal rivast, nytt tak skal opp, stova skal shinast, ein vegg skal opp, entreen skal gjennomgå fullstendig make-over. Kort sagt: Things to be done. Godt eg er gift med ein handyman:)



tirsdag 10. februar 2009

Ein vanleg tirsdag

I dag er det tirsdag. Eg stod opp tidlegare enn eg brukar for å rekke forelesning klokka 08.15. Ja, riktig, 08.15. Eit mykje for tidleg tidspunkt for B-mennesket Hilde Marie. Men i dag klarte eg bragda. Første gong eg har vore utom huset før min kjære ektemann. "Hilde! Har du satt vekkerklokka på HALV SJU!?!?" Ja, og eg klarte å dra meg opp. Stolt.

Så no har eg vore på ein særs interessant forelesning i molekylære drivkrefter. Kva har eg lært? Eg har lært å finne ekstremverdiar (max eller min) til multivariate funksjonar, Stirlings approksimasjon og den matematiske forklaringa på entropi.

Høg grad av uorden = høg entropi. Eg likar uorden. Eg er eit kaosmenneske. Rot er drivkrafta. Eller er rot resultatet?

mandag 9. februar 2009

No er det gjort

Me våga oss ut på det skumle boligmarkedet og har i dag gått til innkjøp av ein "pen og velholdt" 4-roms leilighet frå 1967, midt i lavblokkjungelen i den berykta bydelen Fyllingsdalen. Og me er såre nøgd. No kan me boltre oss på heile 79 kvadratmeter, betale ned på gjeld i 30 år, gå opp ei lang trapp og nyte livet frå vår 10 kvadratmeter store balkong med utsikt til den estetisk vakre Fyllingsdalen kyrkje. Og det beste av alt. Prisen. Eg ler av prisantydningen på Finn. Men det var jo dyrt nok. Svir litt med store raude tal på kontoen. Men slik er det å verte vaksen. Lån må til. No gler eg meg berre til å flytte inn!

onsdag 4. februar 2009

Første innlegg

Eg vågar meg herved ut på blogginga att. Så då er det berre å setje i gang. Komme med kvardagstankar i ei tanketom tid. Kanskje fins det noko ingen allereie har skrive.