I dag var meininga at eg skulle delta på første førelesning i GEOF336, vidaregåande kjemisk oseanografi.
Eg står opp i høveleg tid, førebur meg godt, har boka og skrivesaker i sekken, dreg til universitetet, et lunsj, les til og med litt i boka innan førelesninga skal byrje. Når klokka dreg seg mot tolv, tenkjer eg at det er på tide å rusle bort til geofysisisk institutt, det flotte gamle bygget der dei ærverdige meteorologane og oseanografane sit. Eg er ved godt mot. Står framom den store døra. Trykker ned klinka. Den vil ikkje opne seg. Eg tek i litt meir, eg er kjend for å ta for lite i. Det hjelper ikkje. Eg ristar på hovudet. Går ein runde rundt bygget. Møter på to finske (trur eg) utvekslingsstudentar som lurar på det same som eg. Korleis kjem ein seg inn i denne festninga? Ei kjellardør. Ei av dei finske prøver å opne døra. Stengd. Det er ein kortlesar der. Aha. Studentkortet. Eg dreg det med magnetstripa ned. Det lyser raudt, men, som eit under, går døra opp. Ei dame kjem ut akkurat i det eg har trekt kortet. Ho held oppe døra. Vi kjem inn i ein mystisk kjellar. Ein heis med såvidt plass til tre personar tek oss opp til sivilisasjonen. Finskane takkar for hjelpa på svensk-finsk. Eg tenkjer, det var då ingenting å takke for. Jakta på førelesningssal 200 / rom 234 kan byrje. 2 etasje. 202, 209, 213, 220, 230, 234. Klokka er 12.14. Ingen der. Eg sit meg ned. Klokka er 12.20. Ingen der. Klokka er 12.22, tre fnisande unge menn kjem høglydt inn døra. Skal vi vere her? Dei ser rart på meg. Kva skal eg ha? Vidaregåande kjemisk oseanografi? Nei, det er ikkje det som skal vere her. Eg er nok komen feil. Det kjem fleire til. Jenter som spør om dei skal vere her. Gutane svarer ja, dei trur då det. Eg går. Var det ikkje i dag likevel? Har førelesninga vorte flytta til eit anna rom? Eg kan jo banke på døra til førelesaren, dersom eg finn døra. Jakta på døra til førelesaren sitt kontor byrjar. Opp trapp, inn gang, ned trapp, til østfløy. Eg finn kontordøra. Bankar på. Ingenting. Bankar litt til. Neivel. Ingen inne då vel. Eg går. Finn tilbake til der eg var. Går ned trappa. Studiekonsulenten. Der må det vel finnast svar. Eg bankar på, eg får til og med komme inn. Ho beklagar så meget. Det låg feil informasjon ute på studentportalen. Førelesninga er flytta til i morgon. Til stort møterom i 3. etasje. Eg seier å ja. Spør korleis ein kjem seg inn i dette bygget på normalt vis. Ho beklagar nok ein gong. Ho skal sende mail til kortsenteret om å oppdatere kortet mitt slik at eg får tilgang. Det er ein kortlesar utanfor hovudinngangen, seier ho. Prøv det i morgon. Tusen takk for hjelpa. Ja, ha det bra!
Eg går på biblioteket og loggar meg på ei datamaskin ved vindauget. Skriv dette. Første forelesning i GEOF336 er i morgon.