søndag 20. februar 2011

Dyp tanke nr 1, rev

slutt
i gullfiskbollen
Å følge stjernene!

Fritt etter: Barbery, Muriel: "Pinnsvinets eleganse"

Dyp tanke nr 1

å følge stjernene
i gullfiskbollen
slutt!

- Paloma, "Pinnsvinets eleganse" av Muriel Barbery

torsdag 27. januar 2011

innlegg nr 31

då var bloggen tilbake frå tenkeboksen. eigentleg var den sletta, men det gjekk visst å ombestemme seg. men eg er ikkje nokon bloggar eigentleg, så vi får sjå kor lenge den blir å finne. mulig det kjem betre tider.

elles har eg gjort alvor av nyttårsforsettet og byrja å trene tre gongar i veka. spørs om trenden held seg utover våren, men målet er definitivt å tena inn sibtreningskortet som kosta 870 blanke NOK. eg har rekna ut at då må eg trene minimum 16 gongar i løpet av semesteret. det bør vere særs overkommeleg. yoga er forresten artig!

torsdag 21. oktober 2010

jättekul i stockholm


gamla stan

 huset til mummitrollet på junibacken

paraply

svenska kyrkan seier nei til rasisme

eg <3 bibliotek

flybussen går på raps


topp ti stockholm:

1. sågotåget på junibacken (eg fekk tårer i augo av astrid lindgren si stemme)

2. skansen (fint å gå på tur på landet i byen)

3. vasamuseet (okei øyvind, det var jo stilig då...)

4. designtorget (kjøpte fuldesignbroderi og listebok)

5. stadsteateret (vi såg "kvinna klädd i solen", billettpris: 100 SEK)

6. dei mange fine syklane i retrostil (tok dessverre ingen bilder)

7. sushibaren der me spiste lunsj (70 kroner for 8 bitar!)

8. spårvagnen linje 7 til djurgården (fine vogner og fin utsikt)

9. livrustkammeret på kungliga slottet (hest og vogn og fine drakter i kjellaren på slottet)

10. frukostbuffeen på Hotel Hasselbacken (vaflar og pannekaker)


konklusjon: stockholm är en jättesnygg stad. 

mandag 26. juli 2010

plan?

planning is everything, the plan is nothing (dwight d. eisenhower)

it is common for less formal plans to be created as abstract ideas, and remain in that form as they are maintained and put to use. http://en.wikipedia.org/wiki/Plan

Eg har klussa så mykje i boka mi at no blir eg nøydd til å konvertere til iCal. Skal tru om eg får gjort det eg har tenkt då?

lørdag 17. juli 2010

eit perfekt utsnitt

verda sett gjennom eit koøye


lørdag 10. juli 2010

Nordsjøtokt


Eg har blitt sjømann, nesten i alle fall. For tida befinn eg meg på F/F Johan Hjort, eit av forskningsfartøya til Havforskningsinstituttet. Vi kasta loss for ei veke sidan og er no i den sørlege delen av Nordsjøen på veg vestover mot dei britiske øyer. Eg har ansvar for å ta vannprøver til technetium-99 analyse, som inngår som ein del av overvakningsprogrammet til Havforskningsinstituttet og strålevernet. Resultata skal eg bruke i masteroppgåva mi. På kvar miljøstasjon blir det teke vannprøvar og sedimentprøvar som skal analyserast for ulike radionuklider og andre typar forureining. Men det er ikkje berre vatn og sediment det går i, på toktet er det sjølvsagt masse fisk og andre organismar også. Det blir tråla med både pelagisk og bentisk trål, og alt som kjem i trålen skal registrerast,- lengdemål, vekt, antal osv blir plotta inn i skjema. I tillegg skal det takast prøvar av nokre utvalde artar, for å sjå på forureiningssituasjonen både med tanke på organiske miljøgifter, radioaktivitet og tungmetall. Alle hjelper til, så no har eg fått lært litt om fisk også.. Torsk, hyse, sei, knurr, rognkjeks, lysing, hvitting, sild, makrell, flydrer, sjøstjerner, kråkeboller, krabbar, skjell, you name it...