torsdag 27. mai 2010

Ferie. Iallefall frå eksamenslesinga. Hadde min siste ordinære eksamen i dag. Trur det gjekk greit, så då er det berre å puste letta ut. No kan eg konsentrere meg om kjekke ting som:
- kjøpe fine blomar til terrassen:)
- rydde i papir (det kan faktisk vere ganske så kjekt)
- lese nokre av dei mange bøkene som samlar støv i bokhylla
- gruble på fine problemstillingar til masteroppgåva mi
- finne ei fin, ny datamaskin som eg kan bruke alle skattepengane mine på

Livet er fint

fredag 21. mai 2010

Sommar ute og nettfjasing pluss tafatt lesing inne

Dette er det eg bedriv ein fredag i mai. Planen var å lære meg alt som er verd å vite om kromatografi. Det byrja bra, eg har lese litt generell fakta og fått ein oppfriskning av van Deemter-kurva. Nyttig å vite at hydrogen er den beste bæregassen i gasskromatografi, men at den er litt skummel. Det visste eg forsåvidt frå før. Eg har også lært at forkortinga FID kan ha to særs ulike meiningar. Eg skal ikkje gå nærare inn på dette.

Elles har eg gått tur til butikken, kjøpt meg ein is, lese avisa og vore innom ulike bloggar før eg no bestemte meg for å skrive litt unyttig sjølvopptatt fjas her på sida mi.

Eg må også meddele at eg på mystisk vis fekk toppkarakakter på muntleg eksamen i kjemisk oseanografi. No kan eg ein del om havet si rolle i karbonkretsløpet, klimaendringar og havforsuring. Konklusjonen er at me menneske må kutte ut dillinga og redusere CO2 utsleppa med ein gong. Til dei som ikkje fattar at menneska spelar ei rolle når det gjeld klimaendringar: skjerp dykk.

søndag 16. mai 2010

oi

det var lenge sidan eg sist var innom min eigen såkalla blogg. merkeleg korleis ein kommande eksamen gjer meg motivasjon til alt anna enn lesing. no fekk eg brått lyst å vaske opp, rydde, sjekke mail, skrive her osv. sånn er det alltid. eg burde ha isolert meg ein stad langt utanfor dekning.

jaja. snart er det over. og då kan eg nyte livet:)