onsdag 27. januar 2010

Ordtak eg ikkje likar

Døme på ordtak eg ikkje kan fordra, og som typisk blir nytta i lesarinnlegg eg ikkje likar å lese:

1) Kast ikkje barnet ut med badevatnet, eller som dei seier, don't throw the baby out with the bathwater. Kvar stammar dette utsegnet frå?




2) Bukken til havresekken. Nei, det er vel ikkje så lurt å la bukken passe havresekken.


torsdag 21. januar 2010

Basic

På tide med noko anna enn youtubevideoar. Ei oppdatering om analytisk organisk kjemi hadde sikkert vore på sin plass. Men det er førebels ganske lite å fortelje. Eg har funne ut at eg må repetere litt basic knowlege, om mellom anna molkylorbitalteori og generell organisk kjemi før eg får noko nytte av pensumboka. Det er frustrerande korleis ein gløymer ting som sat som eit skot til eksamen for nokre år sidan, eller for den del, førre semester. Det går fort å gløyme fag. Hukommelse facinerar meg. Innkoding. Lagring. Atthenting. Kvar sviktar det i mitt tilfelle?

søndag 17. januar 2010

Ekman Transport ( & Fridtjof Nansen:) & Global Conveyor belt

Youtube er nyttig når ein skal lære seg oseanografi. Denne karen er svært glad i kameraet og han kan mykje om oseanografi, men mindre om historie. Særleg er han ulærd om Fridtjof Nansen sin humanitære innsats. Nansen fekk Nobels fredspris i 1922 og døydde i 1930. (Denne karen påstår Nansen mottok Nobels fredspris for sin innsats under 2. verdskrig...) Her finn du meir påliteleg informasjon om Fridtjof Nansen: http://www.polarhistorie.no/personer/fridthjof_nansen



lørdag 16. januar 2010

Konsert!




17. februar på Logen teater:)

fredag 15. januar 2010

torsdag 14. januar 2010

Masteroppgåve

Førebels tittel:

Sjøvasskonsentrasjonar av technetium-99 (Tc-99) i norske havområde - ei samanstilling av data for testing av ROMS (Regional Ocean Modelling System) som verktøy for modellering av radioaktiv forureining

Denne tittelen blir nok engelsk med tid og stunder...

onsdag 13. januar 2010

Plan for dagen

  • Lese vidare i Knausgård-boka (liker ikkje tittelen, men innhaldet er ikkje så verst, bortsett frå at eg synes synd på folk i livet til denne mannen, noko som gjer det litt ubehagelig)
  • Vaske klede, ettersom det byrjar å vekse i korga og minke i klesskapet
  • Dra meg til universitetet for å gå på den mykje omtala GEOF336 førelesninga
  • Lage foccaciabrød (eller korleis det no skrives) når eg kjem heim
  • Ake litt før snøen forsvinn? No er det trass alt berre fire minus ute.

tirsdag 12. januar 2010

Semesterstart

I dag var meininga at eg skulle delta på første førelesning i GEOF336, vidaregåande kjemisk oseanografi.

Eg står opp i høveleg tid, førebur meg godt, har boka og skrivesaker i sekken, dreg til universitetet, et lunsj, les til og med litt i boka innan førelesninga skal byrje. Når klokka dreg seg mot tolv, tenkjer eg at det er på tide å rusle bort til geofysisisk institutt, det flotte gamle bygget der dei ærverdige meteorologane og oseanografane sit. Eg er ved godt mot. Står framom den store døra. Trykker ned klinka. Den vil ikkje opne seg. Eg tek i litt meir, eg er kjend for å ta for lite i. Det hjelper ikkje. Eg ristar på hovudet. Går ein runde rundt bygget. Møter på to finske (trur eg) utvekslingsstudentar som lurar på det same som eg. Korleis kjem ein seg inn i denne festninga? Ei kjellardør. Ei av dei finske prøver å opne døra. Stengd. Det er ein kortlesar der. Aha. Studentkortet. Eg dreg det med magnetstripa ned. Det lyser raudt, men, som eit under, går døra opp. Ei dame kjem ut akkurat i det eg har trekt kortet. Ho held oppe døra. Vi kjem inn i ein mystisk kjellar. Ein heis med såvidt plass til tre personar tek oss opp til sivilisasjonen. Finskane takkar for hjelpa på svensk-finsk. Eg tenkjer, det var då ingenting å takke for. Jakta på førelesningssal 200 / rom 234 kan byrje. 2 etasje. 202, 209, 213, 220, 230, 234. Klokka er 12.14. Ingen der. Eg sit meg ned. Klokka er 12.20. Ingen der. Klokka er 12.22, tre fnisande unge menn kjem høglydt inn døra. Skal vi vere her? Dei ser rart på meg. Kva skal eg ha? Vidaregåande kjemisk oseanografi? Nei, det er ikkje det som skal vere her. Eg er nok komen feil. Det kjem fleire til. Jenter som spør om dei skal vere her. Gutane svarer ja, dei trur då det. Eg går. Var det ikkje i dag likevel? Har førelesninga vorte flytta til eit anna rom? Eg kan jo banke på døra til førelesaren, dersom eg finn døra. Jakta på døra til førelesaren sitt kontor byrjar. Opp trapp, inn gang, ned trapp, til østfløy. Eg finn kontordøra. Bankar på. Ingenting. Bankar litt til. Neivel. Ingen inne då vel. Eg går. Finn tilbake til der eg var. Går ned trappa. Studiekonsulenten. Der må det vel finnast svar. Eg bankar på, eg får til og med komme inn. Ho beklagar så meget. Det låg feil informasjon ute på studentportalen. Førelesninga er flytta til i morgon. Til stort møterom i 3. etasje. Eg seier å ja. Spør korleis ein kjem seg inn i dette bygget på normalt vis. Ho beklagar nok ein gong. Ho skal sende mail til kortsenteret om å oppdatere kortet mitt slik at eg får tilgang. Det er ein kortlesar utanfor hovudinngangen, seier ho. Prøv det i morgon. Tusen takk for hjelpa. Ja, ha det bra!

Eg går på biblioteket og loggar meg på ei datamaskin ved vindauget. Skriv dette. Første forelesning i GEOF336 er i morgon.

mandag 11. januar 2010

Eg skal følgje flokken og lese Knausgård...




I dag har eg gått til innkjøp av første del av det kritikarbejubla (Fy! be- ord i nynorsk..) romanprosjektet til den mykje omtala Karl Ove Knausgård. Det skal bli interessant. Eg har ikkje lese nokre av hans tidlegare verk, men eg må seie at forhåpningane er store.


søndag 10. januar 2010

Var på IKEA i går og forelska meg i nokre bilete. Men kjøpte ingen av dei.





Søndag i vinterland

Eg og ektemannen har vore ute i den eventyrlege akebakken utanfor blokka og skreia oss på eit stykke papp, i mangel på konkvensjonelt akereiskap. Ei fabelaktig kjensle spreidde seg i kroppen då eg sigla utfor. Vinteren har sine plussider. Og gradestokken viser -13 stort sett heile tida. Men inne er det varmt. Straumrekninga kjem til å bli historisk.

Ei minusside med vinteren er høghalsa gensar som må til for å halde varmen. Dette plagget viser seg å vere særs ugunstig ettersom det til dei gradar framheva dobbelthakelyta mi. Eg likar det ikkje. Men planen er (som alltid) å trene meir og ete sunnare frå og med i morgon.

No er det skispringen på fjernsynet. Ektemannen sit bokstavleg tala klistra framfor skjermen. Eg delar ikkje interessa, men eg sit no og gløttar likevel. Førestiller meg suget i magen. Eg likar å sjå utsikta til prøvehopparen med kamera på hjelmen.