lørdag 28. februar 2009

Leiligheten:)

Hurra!

Vi fekk nøklane til vår fabelaktige leilighet i går, og i dag var vi på Coop Obs Bygg og handla maling og diverse stæsj.
Så bar det avgarde til Elkjøp, der vi forhandla oss fram til ein særs god pris på oppvaskmaskin (endelig slepp eg knurvete fingrar!!) og kombiskap, som blir levert på døra førskommande onsdag. Eg synes litt synd på dei som skal bære det opp trappa, men eg glad det ikkje er meg...



Øyvind og eg er resarar på oppussing. Vi starta allereie i dag, då vi kom attende frå vår lille shoppingtur.


Under er eit bilete av stova. Trykkluftkompressoren drog vi opp i går kveld. Den skal brukast til å skyte spikar inn i vegge. Skumle saker. Øyvind har det meste som trengs...



I dag vart vi ferdig med eitt lite rom. Vaskerommet har fått ein ny glød. Her ser vi Øyvind i full sving med rulla:
Men vi har mykje meir arbeid framfor oss. Tak skal rivast, nytt tak skal opp, stova skal shinast, ein vegg skal opp, entreen skal gjennomgå fullstendig make-over. Kort sagt: Things to be done. Godt eg er gift med ein handyman:)



tirsdag 10. februar 2009

Ein vanleg tirsdag

I dag er det tirsdag. Eg stod opp tidlegare enn eg brukar for å rekke forelesning klokka 08.15. Ja, riktig, 08.15. Eit mykje for tidleg tidspunkt for B-mennesket Hilde Marie. Men i dag klarte eg bragda. Første gong eg har vore utom huset før min kjære ektemann. "Hilde! Har du satt vekkerklokka på HALV SJU!?!?" Ja, og eg klarte å dra meg opp. Stolt.

Så no har eg vore på ein særs interessant forelesning i molekylære drivkrefter. Kva har eg lært? Eg har lært å finne ekstremverdiar (max eller min) til multivariate funksjonar, Stirlings approksimasjon og den matematiske forklaringa på entropi.

Høg grad av uorden = høg entropi. Eg likar uorden. Eg er eit kaosmenneske. Rot er drivkrafta. Eller er rot resultatet?

mandag 9. februar 2009

No er det gjort

Me våga oss ut på det skumle boligmarkedet og har i dag gått til innkjøp av ein "pen og velholdt" 4-roms leilighet frå 1967, midt i lavblokkjungelen i den berykta bydelen Fyllingsdalen. Og me er såre nøgd. No kan me boltre oss på heile 79 kvadratmeter, betale ned på gjeld i 30 år, gå opp ei lang trapp og nyte livet frå vår 10 kvadratmeter store balkong med utsikt til den estetisk vakre Fyllingsdalen kyrkje. Og det beste av alt. Prisen. Eg ler av prisantydningen på Finn. Men det var jo dyrt nok. Svir litt med store raude tal på kontoen. Men slik er det å verte vaksen. Lån må til. No gler eg meg berre til å flytte inn!

onsdag 4. februar 2009

Første innlegg

Eg vågar meg herved ut på blogginga att. Så då er det berre å setje i gang. Komme med kvardagstankar i ei tanketom tid. Kanskje fins det noko ingen allereie har skrive.