Dette er det eg bedriv ein fredag i mai. Planen var å lære meg alt som er verd å vite om kromatografi. Det byrja bra, eg har lese litt generell fakta og fått ein oppfriskning av van Deemter-kurva. Nyttig å vite at hydrogen er den beste bæregassen i gasskromatografi, men at den er litt skummel. Det visste eg forsåvidt frå før. Eg har også lært at forkortinga FID kan ha to særs ulike meiningar. Eg skal ikkje gå nærare inn på dette.
Elles har eg gått tur til butikken, kjøpt meg ein is, lese avisa og vore innom ulike bloggar før eg no bestemte meg for å skrive litt unyttig sjølvopptatt fjas her på sida mi.
Eg må også meddele at eg på mystisk vis fekk toppkarakakter på muntleg eksamen i kjemisk oseanografi. No kan eg ein del om havet si rolle i karbonkretsløpet, klimaendringar og havforsuring. Konklusjonen er at me menneske må kutte ut dillinga og redusere CO2 utsleppa med ein gong. Til dei som ikkje fattar at menneska spelar ei rolle når det gjeld klimaendringar: skjerp dykk.
ey, gratulerer med eksamen! og heilt enig! skjerpings!
SvarSlettTakk:) Gler meg til om ei veke!
SvarSlettDei som ikkje fattar det vert ikkje overtydd av at ein som har studert dette seier at slik er det. Du er hjernevaska, må vite... Dei er umogelege å nå fram til... Gratulerer med karakter!
SvarSlettJa, eg er trass alt hjernevaska av professorar ved Bjerknessenteret som klimarealistane, som dei vel å kalle seg, uansett ikkje trur på. (Men eg har faktisk også blitt undervist av to av dei fremste talsmenna for "klimarealistane", og har ikkje greid å bli hjernevaska av desse professorane..)
SvarSlett