lørdag 10. juli 2010

Nordsjøtokt


Eg har blitt sjømann, nesten i alle fall. For tida befinn eg meg på F/F Johan Hjort, eit av forskningsfartøya til Havforskningsinstituttet. Vi kasta loss for ei veke sidan og er no i den sørlege delen av Nordsjøen på veg vestover mot dei britiske øyer. Eg har ansvar for å ta vannprøver til technetium-99 analyse, som inngår som ein del av overvakningsprogrammet til Havforskningsinstituttet og strålevernet. Resultata skal eg bruke i masteroppgåva mi. På kvar miljøstasjon blir det teke vannprøvar og sedimentprøvar som skal analyserast for ulike radionuklider og andre typar forureining. Men det er ikkje berre vatn og sediment det går i, på toktet er det sjølvsagt masse fisk og andre organismar også. Det blir tråla med både pelagisk og bentisk trål, og alt som kjem i trålen skal registrerast,- lengdemål, vekt, antal osv blir plotta inn i skjema. I tillegg skal det takast prøvar av nokre utvalde artar, for å sjå på forureiningssituasjonen både med tanke på organiske miljøgifter, radioaktivitet og tungmetall. Alle hjelper til, så no har eg fått lært litt om fisk også.. Torsk, hyse, sei, knurr, rognkjeks, lysing, hvitting, sild, makrell, flydrer, sjøstjerner, kråkeboller, krabbar, skjell, you name it...

2 kommentarer:

  1. Sedimentprøvar.... Vil det seie botnprøvar?

    SvarSlett
  2. Hilde Marie16 juli, 2010

    Jepp. på botnen regnar det ned alt mogeleg, døde plantar og fisk pluss ein masse drit.. ein kan studere fortida ved å sjå på sedimentlaga. spennande..

    SvarSlett